Heim
Handverksmessa i Jondal 22. – 24. juni 2012
For gode tilbod for grupper og lag, ta kontakt med messesekretæren i dag!
(Får du ikkje opp sida? Trykk på linken i feilmelding som seier “Åpne innholdet i et nytt vindu”
PROGRAMSLEPP!
Valkyrien Allstars, Sigrid Moldestad, Famn, Steinar Albrigtsen, Greenland Whalefishers og Hardanger Big Band. Felles for dei alle er at dei kjem til årets handverksmesse! Kombiner ei eineståande oppleving av handverk og handverktradisjonar med ein dæsj song og musikk! Heile programmet ser du under. Du kjem vel?
OBS: Det vil bli mogeleg å førehandstinga billettar til konsertane. Kontakt sekretær for meir informasjon!
HALLINGTONAR OG POPAKKORDAR TIL MESSESCENA!
Rannveig Djønne er ein av dei særs få i landet som lever av å spele toradar. Ho har jobba med ei rekkje musikarar, og til Jondal tek ho med seg dei ho har spelt med lengst; Inger Elisabeth Aarvik og Annlaug Børsheim. Folkemusikarane Annlaug og Rannveig har ein travel spelesesong i 2012 med mellom anna festivalspeling I Skottland og ein lengre turné i Tyskland. Inger Elisabeth og Rannveig har jobba i lag i over ti år. Det siste samarbeidsprosjektet deira er “Folkemusikkmesse frå Hardanger”. Djønne si debutplate, Spelferd heim, slåttar frå Hardanger og Voss på durspel frå 2008, førte til eit skikkeleg gjennombrot for hardingen som nyskapande durspelar.
Ifylgje musikarane sjølve blir konserten på Handverksmessa prega av alt frå rolege folketonar til spretne hallingar med popakkordar!
Høyr meir av Rannveig Djønne her: http://www.myspace.com/rannveigdjonne
Du får oppleva dei på utescena på årets messe, sundag 24. juni klokka 13!
FÅ MED DEG ÅRETS KYRKJEKONSERT MED SIGRID MOLDESTAD!
Den er vakker, vill og var, musikken som stadig siv ut av Sigrid Moldestad sitt musikalske univers. Felespelaren, songaren og historieforteljaren Moldestad lagar musikk som leikande lett svingar innom både blues, country, bluegrass og pop, men som likevel alltid har folkemusikk som den sterkaste komponenten. I 2007 vann musikaren Spellemannspris for debutalbumet “Taus”.
Publikum kan oppleva den særeigne røysta til Moldestad under årets kyrkjekonsert på Handverksmessa i Jondal, laurdag 23. juni kl 18.00. Høyr henne her: http://www.sigridmoldestad.com/ (Klikk på musikkspelaren til høgre i skjermbiletet)
Hovudsponsor: (Programomtalen held fram under reklamen)
STEINAR ALBRIGTSEN TIL MESSESCENA!
Ein av dei kanskje mest allsidige artistane i Noreg, Steinar Albrigtsen, vert å finna på messescena sundag 24. juni kl 15.00.
Han debuterte som plateartist for to tiår sidan, og selde vanvittige 180.000 eksemplar av plata Alone too long. Allereie før dette hadde Albrigtsen blitt ein folkekjær artist gjennom samarbeidet med Jørn Hoel. På messescena har Albrigtsen med seg Monika Nordli, som fyrst vart kjend for det norske folk gjennom tv-programmet Kjempesjansen i 2003. I fjor gav ho ut plata Fotfeste. Før det har ho gjeve ut to album, som har hausta gode kritikkar i både inn- og utland. Saman turnerer no dei to artistane under konseptet Dobbelt norsk! I tillegg til å presentera ein del av dei norske songane deira, vil de også framføra materiale frå dei respektive karrierane sine. Stikkordet for Dobbelt norsk er musikalsk særpreg og signatur, blanda med ærlege songar.
Høyr dei saman her: http://www.youtube.com/watch?v=ZybncX1TXQY
Var du der då golvet i ungdomshuset gynga?
For to år sidan spelte Greenland Whalefishers til dans på ungdomshuset Jonsvoll under Handverksmessa. Dansen tok nær knekken på tregolvet i huset. Jondølingar, utstillarar og tilreisande kasta seg ellevilt inn i tonane til det irskinspirerte bandet. No kjem dei attende!
I 17 år har bandet turnert, og er no eitt av dei leiande Paddy-Punk-banda i heile Europa! Ta vel i mot Arvid Grov på vokal og med elektrisk gitar, Gunnar “Two Sheds” Grov med mandolin, banjo and bouzouki, Trond Olsen på gitar og vokal,
Agnes Skollevoll med blikkfløyte og mikrofon i handa, Odin Døssland på fele, Ørjan Eikeland Risan på trommer og Atle-Hjørn Øien, som spelar basss.
Kom i stemning her: http://www.youtube.com/watch?v=M14KCqKtJ8E (Får du ikkje opna innslaget? Kopier linken, og lim den inn i eit nytt skjermbilete)
Irsk pub på Jonsvoll med Greenland Whalefishers, laurdag 23. juni klokka 21.30.
Valkyrien Allstars, Famn og Tiebreaker til messescena!
Debutalbumet selde til gull, dei har spelt i land over heile verda og sleppte sitt tredje album 14 oktober. Valkyrien Allstars, som har spelt seg inn på alle hitlister, har sidan oppstarten i 2005 vore eit unikum i den norske musikkverda.Dei har fornya norsk folkemusikk, og skapt blest om den i alt frå Kina til England. Dei har også tunert Noreg på langs og på tvers ei rekkje gonger. Dei spelar på messescena laurdag 23. juni.
Høyr noko av musikken her: http://www.youtube.com/view_play_list?p=4455C759F6BF890B
Folkemusikken og jazzen møtest i tonane til Famn, som deburterte på konsertscena i Oslo i år. Dei freistar å få fram det enkle og melodiøse i musikken, og hentar fram bortgøymde musikalske perler i repertoaret sitt. Eitt av måla til bandet er også å gjera folkemusikken meir tilgjengeleg for folk. Famn skal trollbinda messepublikummet både på messescena fredag og i Hardanger Kulturgalleri same kveld.
Meir om Famn her: http://www.famn.no/famnband/nyheter.html
Tiebreaker er eit ungt band frå Odda, men har allereie spelt på Litteratursymposiet i Odda, Blueshelga 2011 og Fonnafest. Med blues, sørstatsrock og klassisk rock skal Tiebreaker henta fram rockefoten til dei framfor messescena laurdag 23.juni.
Høyr dei her: http://www.youtube.com/watch?v=P7TtbHqWTd8&feature=plcp&context=C28ca1UDOEgsToPDskJiNQA0oOF77JsBIF3Z0R0J


