Info

Årets program er fullstendig! Trykk på linken under for å sjå det!

Program Handverksmessa 2012

Ytterlegare informasjon om fleire av artistane finn du på framsida.

Opningstider: Messeområdet vil vera ope frå klokka 10.00 til 17.30 på fredag og laurdag. Sundag opnar messeområdet klokka 10.30 og stengjer klokka 16.30.

Billettar: Billettar til messeområdet er delt inn i dagsbillett og gjennomgangsbillett. Sistnemnde gjev deg inngang til messeområdet frå fredag til sundag. Konsertbillettar kan du kjøpa på messekontoret eller Coop Jondal. Ver tidleg ute!

Vil du ta med deg heile laget eller organisasjonen din på tur til Handverksmessa fredagen? Ta kontakt med messesjef, Angunn Handegard Trå på telefon 41 62 55 49 eller mail angunnh@online.no for eit godt tilbod.

Billettprisar: Dagsbillett: vaksne kr 100,- born kr 80,-
Gjennomgangsbillett: vaksne kr 200,-  born kr 120,-
Born under 6 år gratis inngang.

Parkering: Unngå å ta bilen med deg til Jondal, dersom du ikkje har ein parkeringsplass hjå vener eller kjende å koma til. Svært mange tek turen til bygda denne helga, og parkeringsmogelegheitene er få. Kjem du via Tørvikbygd, finst det organisert parkering like ved ferjekaien. Messeområdet er i gåavstand frå ferjekaien. Til bygdefolket: Ta buss, bruk sykkelen, gå eller køyr saman med vener!

Framkomst: Jondal ligg langs Fv 550. Du kan koma til kommunen ved å køyra frå Odda via Utne i Ullensvang og ut til Jondal. Du kjem også til Jondal ved å ta ferja frå Tørvikbygd. Ferja tek om lag 20 minutt. Køyretid frå Bergen er i underkant av to timar, inkludert ferjeturen. 1.september 2012 opnar Jondalstunnelen. Den vil korta ned reisetida frå Odda til Jondal til 35 minutt!

Mat: I matteltet i Viketunet kan du kjøpa solid norsk tradisjonsmat som hakkasteik og rjomagraut, eller ein kald speketallerken.

Universell utforming: Brorparten av messeområdet er tilrettelagd for rullestolbrukarar. Det finst handicaptoalett i vestibylen og i gangen ved gymsalen. Kontakt oss om du lurar på noko.

Kåring: Husflidkonsulenten i Hordaland kjem til Jondal for å kåra beste stand under messa. Utdelinga skjer på fredag. Ordførar i Jondal, Jon Larsgard, vil stå for opninga av messa fredagen.